Body Heat

Ei varmebølge brer seg over Florida, USA. Ei kvinne overtydar ein mann om å drepe ektemannen hennar. William Hurt og Kathleen Turner sveittar seg gjennom filmen halvnakne til cheesy filmmusikk.

Body Heat si sterkaste side er stemninga. På ein god andreplass er den klassiske historia om ei femme fatale, ei historie som gradvis tilfører filmen meir spenning.

Så er problemet mitt med filmen at det tar lang tid å komme dit hen at det blir interessant. Og at filmen si klassiske historie elles også blir fortalt litt tregt.

Den store klisjeen filmen er blitt, er ei side eg kan la meg underhalda av. Det sveitte, røykande og hudprega uttrykket er utprega, men gjennomført. Detaljer som at Ned (William Hurt) alltid stoppar på joggeturane sine for å ta ein røyk er festlege innslag.

Body Heat ligg omtrent på midten mellom god og dårleg, men litt over. Det er derimot ikkje ein film som eg kan anbefale.

Body Heat 1981 plakat - Filmdagbok