Bodyguard

Serie · 2018 · · 6. januar 2019
4/5

Bodyguard er ein BBC-produsert serie på hittil seks episodar, som Netflix distribuerer utanfor Storbritannia og Irland. Serien handlar om ein tidlegare soldat som no er tilsett som livvakt gjennom politiet. David Budd som han heiter, slit med posttraumatisk stressyndrom, men blir likevel tilsett som livvakt for ein høgt profilert politikar grunna ei heroisk bragd i å stoppe ei terrorismehandling på eit tog.

Utan å røpe for mykje av handlinga, då det er mange og gode detaljar som gjer denne thrilleren spennande, skal eg kort oppsummere. Det handlar om terrorisme, konspirasjonar, politikk og forhold. Alt samanfatta til ein verkeleg god samanheng på seks episodar, som byr på både overraskingar og situasjonar som gjer meg som sjåar til aktiv deltakar. Med det meiner eg at mykje forblir uvisst av årsakene til hendingane i serien, og dette set hjerneaktiviteten i gong.

Skodespelet er ingenting å utsetje noko på. Stemninga er vedvarande pressande, og spenningsnivået høgt i store deler av serien. Musikk- og lydbruken er mykje av årsaka til det.

IMDb-logo
Bodyguard 2018 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Richard Madden (I)Sophie RundleVincent FranklinVis alle

Sjangrar