BoJack Horseman

Serie / 2014–2020
3/5

Kva kan eg seia om BoJack Horseman? Det er ein interessant måte for Netflix å definere kva vaksen animasjon verkeleg kan gjere, og som kan ha ein varig appell til eit vaksent publikum. Serien er framleis interessant etter fleire sesongar.

Eg likar korleis det handlar om ein tidlegare, men no avdanka skodespelar kan levere dryg vaksenhumor. Serien gjer ein god jobb med å levere gode vitsar, og underheld stadig vekk.

Samtidig er det ein serie som emnar å sjå på dei tragiske sidene ved livet til den avdanka skodespelaren. I blant kan humoren ligg langt unna i desse scenene.

Menneske og dyr er blanda i lag i dette oppdikta universet. Dei som har laga serien har mykje moro på lur med dette. Både med karakterane me blir kjent med, men òg i bakgrunnen i ting som du ikkje alltid vil legge merke til.

Samla sett er BoJack Horseman ein interessant serie for å utforske animasjon i vaksen alder. Han har mykje morosamt drivstoff, og held det gåande. Ein einaste kritikk og sak som trekk ned, er at serien utover i fjerde, men mest femte sesong byrjar å skeie ut. Det blir mindre humor, meir tragedie og fokuset på BoJack mistar litt grepet.

  • BoJack Horseman 2014-2020 plakat - Filmdagbok
  • BoJack Horseman 2014-2020 plakat - Filmdagbok
  • BoJack Horseman 2014-2020 plakat - Filmdagbok
  • BoJack Horseman 2014-2020 plakat - Filmdagbok
  • BoJack Horseman 2014-2020 plakat - Filmdagbok
  • BoJack Horseman 2014-2020 plakat - Filmdagbok

Publisert

13. februar 2020 av

Merkelapp

Netflix

Skapar

Raphael Bob-Waksberg

Skodespelarar

Will Arnett, Amy Sedaris, Alison Brie, Aaron Paul, Paul F. Tompkins, Adam Conover, Keith Olbermann, Diedrich Bader, Kristen Schaal, Patton OswaltVis alle 247 skodespelarar

Sjangrar

Animasjon, Komedie, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om BoJack Horseman