Boksuneun naui geot

Film · 2002 · · 24. februar 2007
3/5

Boksuneun naui geot er første film ut i hemntrilogien til Chan-wook Park, og er kjent med den engelske tittelen Sympathy for Mr. Vengeance. Andre film er Oldeuboi, som eg har sett og som eg likte, men eg har mine tvil om den tredje etter å no ha sett den første filmen i trilogien.

Dette her handlar om ein stumdøv, ei sjuk søster, nyretransplatasjon og grufull hemn. Vel gjennomført på nesten alle område – det her er ein kvalitetsproduksjon, som ikkje fell i smak.

Eg synst dette vart kjedeleg. Etter å ha venta i ein time på at noko som helst av interesse skulle skje, for eg hadde store voner etter å ha høyrt gode ting om filmen, så skjedde det ikkje så mykje. Pluss at som skjedde var for grufullt til å nyte på nokon måte.

Den vanskelege posisjonen filmen set tankane mine i heller både for og mot. For at filmen klarer å få fram sidene ved grufull hemn, mot om filmen er verdt to eviglange timar med så lite dialog som i 2001: A Space Odyssey, og så mykje venting.

Les ei anna melding på www.notonlyhollywood.com.
Boksuneun naui geot 2002 plakat - Filmdagbok