Bonjour Anne

Film · 2016 · · 3. oktober 2021
3/5

Bonjour Anne er ein litt merkeleg miks av drama og romantisk komedie. Det handlar om ei dame som litt motvillig blir overtala til å ta mange val ho ikkje verkar å like.

Diane Lane spelar hovudrolla, ei kvinne gift med ein travel filmprodusent. Han, spelt av Alec Baldwin, er litt vel opptatt av jobben sin. Men ikkje det verste eg har sett.

Dei er i Cannes, og skal eigentleg vidare til Budapest i lag, men ho får vondt i øyre og står over flyturen dit. I staden dreg ho i forvegen mot Paris i bil med ein kollega av mannen. Og då er me komme til hoveddelen av filmen, nemleg bilturen og dynamikken mellom dei som tek han.

Det er noko rart med mannen. Ein slags mystikk, framand kultur og eit snev av dårleg magekjensle. Han er vanskelege å plassere, noko som gjer dette til litt anna enn ein typisk romantisk og herleg bilkøyrefilm.

Eg skal ikkje gå vidare i detalj, men det er siste del av filmen som overraskar meg mest, og eg får det framleis ikkje til å klaffe. På ei side skal filmen ha kudos for å ha særpreg innanfor sjangeren, på ei anna side er det litt vanskeleg å bite over. Eleanor Coppola har sin eigen stil, og det set eg pris på, eg skulle berre ha komme litt meir under huda på karakterane nok til å forstå motivasjonen deira.

Les også meldingar på laurasmiscmusings.blogspot.com (engelsk) og moviemovesme.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Bonjour Anne 2016 plakat - Filmdagbok