Bonnie and Clyde

Ein nesten typisk gammal Hollywood-film, men likevel annleis. Bonnie and Clyde er rekna for å vere den første av dei nye Hollywood-filmane.

Lyden i forelesningssalen der eg såg filmen var fæl, det same med stolane, så litt av opplevinga gjekk bort i irritasjon over dette. Men bortsett frå desse delene av opplevinga var filmen ein god ein.

Det er likevel noko som manglar. Filmen er ikkje så fantastisk eller spesiell som han er sagt å vere. Men Bonnie and Clyde leverer god action og ei fin kjærleikshistorie.

På sett og vis ein obligatorisk film å ha sett i filmhistorisk perspektiv, men ikkje nødvendig å sjå for den gjennomsnittlege filmsjåar.

Bonnie and Clyde 1967 plakat - Filmdagbok