Borat: Cultural Learnings of America for Make Benefit Glorious Nation of Kazakhstan

Eg skal hoppe over politikk, og i heile tatt kritikk, for dette var ikkje anna enn utruleg morosamt. Den beste komedien i år, og det skal vanskeleg til for å gjere det artigare enn dette. Og filmen viser at det ikkje berre er korte tv-innslag med Borat som kan vere artig, for dette er mykje betre enn alle dei små tv-innslaga åleine.

Eit par overraskingar dukkar også opp, som kva historie som er det eigentlege utgangspunktet for bilturen til Borat i USA. Forventningane mine var høge, og dei vart innfridd, pluss meir til.

Ein av filmane frå 2006 du må sjå!

Borat: Cultural Learnings of America for Make Benefit Glorious Nation of Kazakhstan 2006 plakat - Filmdagbok