Borgman

Teknisk er Borgman ein godt laga film av Alex van Warmerdam. Han er bra filma, skodespelet er flott og filmen oppnådde lenge å påføre meg som sjåar eit ubehag, på grunn av godt utnytta verkemiddel. Han fekk meg til å lure på kva som skjedde, kvifor noko skjedde, og kva det tyda. Men etter ei stund mista filmen grepet i mangel på å gi svar.

Det byggjer og byggjer, men i staden for at det er eit klimaks, er det ikkje noko. Berre ein merkeleg, deprimerande slutt. Eg likte ikkje korleis det enda då filmen lovar så mykje, men ikkje leverer.

Ein film bør som oftast ha ein slutt som har spelar seg ut frå det som har skjedd før i filmen. Der ting gir meining. Slutten på Borgman er ein deprimerande slutt og fekk meg og til å tenke at det ikkje var noko reelt poeng med filmen.

Det er mykje som er godt utført i denne filmen. Alex van Warmerdam veit korleis han skal regissere, og korleis han skal skape humør og korleis ein film skal bli fima. Likevel manglar noko her, sidan eg ikkje har den minste ide om kva eg skal få ut av det heile. Og det er synd, som eg sa, sidan det er mykje i denne filmen som er bra.

Det er som manuset var uferdig då dei byrja å filme. Det er som om filmen har noko interessant å fortelje, men vel å halde kjeft.

Borgman 2013 plakat - Filmdagbok