Børning 2

Film · 2016 · · 9. mars 2021
3/5

Børning 2 er like enkel og god underhalding med bilkøyring som midtpunkt som det Børning var. Me møter igjen karakteren Roy spelt av Anders Baasmo Christiansen. Han lev for å halde på med bil.

I den første filmen stod det om å vinne eit billøp som går Noreg på langs. Og å handtere ei dotter han ikkje såg ut til å bry seg for mykje med. I Børning 2 handlar det om å hente heim igjen dottera, som sit på med ein fyr som skal delta i eit løp frå vest i Noreg til Murmansk nord i Russland.

Billøpet står mellom i hovudsak mellom ein sportsmiljø og eit rånemiljø, mens Roy i sin amerikanar kjem bak.

Politiet er med her også, på jakt etter ulovleg bilkøyring. Politimannen Philip Mørk hadde ikkje akkurat grenser i Børning, men blir her endå meir oppheng i å fange spesielt Roy. Nok ein gong ypparleg spelt av Henrik Mestad.

Filmen er uhøgtidleg blanding av action og komedie. Det er ein film som ikkje tek seg sjølv for seriøst, men som evnar å treffe på nokon dramatiske punkt for å gjere karakterbygginga god. Kanskje ikkje så djupt som den første filmen, men nok til at handlinga gir meining.

Børning 2 er omtrent ein like solid norsk hovudstraumsfilm som forgjengaren. Han når ikkje nødvendigvis til topps på alt, men han er godt laga og har alle dei rette elementa for at filmen fungerer. Det er vanskeleg å samanlikne direkte med den første, men eg hamnar på det at dei er omtrent like god.

Les også meldingar på www.bilnorge.no (norsk) og fifthabouttheseventh.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Børning 2 2016 plakat - Filmdagbok