Børning 3

Film · 2020 · · 11. mars 2021
3/5

Børning 3 er enkel og god underhalding med bilkøyring som midtpunkt. I denne tredje Børning-filmen er Roy spelt av Anders Baasmo Christiansen i ferd med å gifte seg. Det går ikkje heilt som planlagt, og han blir utfordra til å delta i eit løp på Nürburgring i Tyskland.

I den første filmen stod det om å vinne eit billøp som går Noreg på langs. Og å handtere ei dotter han ikkje såg ut til å bry seg for mykje med. I Børning 2 handla det om å hente heim igjen dottera, som sit på med ein fyr som skal delta i eit løp frå vest i Noreg til Murmansk nord i Russland.

I denne tredje filmen er søkelyset retta mot problema mellom Roy og ho han skal gifte seg med. Som forøvrig blir spelt av ei ny dame samanlikna med dei to førre filmane.

Billøpet står her mellom amatør og proff, kor Roy er amatør og ein tysk motstandar er proff.

Politimannen Philip Mørk er også tilbake, i ei litt ny rolle samanlikna med tidlegare, noko som gir filmen ei anna vektlegging og eit passe friskt pusk.

Filmen er som dei andre Børning-filmane ei blanding av action og komedie. Han tek ikkje seg sjølv for seriøst, men treff likevel godt på nokon dramatiske punkt for karakterbygginga sin del.

Børning 3 føyer seg inn etter Børning 2 som ein stabil oppfølgar. Det er litt vanskeleg å samanlikne med forgjengaren, men eg hamnar på det at dei er omtrent like gode alle saman.

Les ei anna melding på p3.no.
Børning 3 2020 plakat - Filmdagbok