Boss (2011–2012)

Serie / 7. april 2013
4/5

Kelsey Grammer spelar borgarmeister i Chicago i dette politiske krimdramaet som fekk to sesongar på Starz. Ein god serie som tar deg med inn i dei mørke korridorane av korrupsjon og politikk, det nødvendige endepunktet når politikken har styrerett over økonomi.

Serien viser forfallet som følger av at borgarmeisteren får ein diagnose, prøver å halde han skjult, men likevel gradvis mistar grepet. Dette er ekstra problematisk då han har mange misfornøgde folk rundt seg, etter fleire år med utnytting. Og som alltid når det offentlege har ein pengesekk, er det mange gribbar som vil spele spelet.

Om ikkje så mykje nødvendigvis er positivt i denne serien, så er iallfall interesseelementa for å gjere dette sjåverdig på plass. Intriger, drama og andre gode strukturelle greier som eg ikkje går meir inn på. Eg vil heller nemna at Boss ligg meir i retning av å vekte innhald framfor spenning. Dette resulterer i at serien ikkje gir trongen til å måtte sjå neste episode, men godt kan fordøyast. Det er også nok trådar og snakk å holde styr på.

Boss 2011-2012 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Starz

Skapar

Farhad Safinia

Skodespelarar

Kelsey Grammer, Connie Nielsen, Hannah Ware, Jeff Hephner, Kathleen Robertson, Troy Garity, Rotimi, James Vincent Meredith, Martin Donovan, Mary Hollis Inboden

Sjangrar

Drama, Krim

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Boss

Forfattar