Bottle Rocket

Wes Anderson sin første langfilm er Luke Wilson og Owen Wilson sine debutar på storskjermen, det kan merkes på den måten at dei ikkje har den same sjølvsikre stilen som dei pleier å ha, spesielt Owen Wilson. Det skrantar derimot ikkje på gode prestasjonar, og det er i gode hender dei er her.

Bottle Rocket er nok den minst spesielle filmen til Wes Anderson. Humoren ligg litt på same nivå, men er ikkje så overdriven, og alvoret kjem mykje betre fram her enn i dei andre filmane hans. Det er i grunn det eg likte best med denne filmen. Han har ikkje noko amatørpreg over seg, og til og med James Caan dukkar opp i ei halvstor birolle her.

Om det er den beste filmen til Wes Anderson. Nei, men han fall betre i smak enn The Life Aquatic with Steve Zissou, som var for spesiell for meg. Også verdt å sjå på grunn av at det er debutfilmen for to frå frat pack-gjengen.

Bottle Rocket 1996 plakat - Filmdagbok