Bottom

Serie
1991–1995
3/5

Eddie og Richie er romkameratar og arbeidslause, og bruker dagane på å øydelegga ting og vere patetiske, i forsøk på å ha det bra.

Bak serien står komedieduoen Adrian Edmondson og Rik Mayall, som både er kjappe med replikkane, gjer dristige stunt og spelar på eit breitt spekter av uttrykk.

Kjenneteiknet til serien blir den patetiske og dramatiske oppførsla til Richie, tullete påfunn i fylla av Eddie og mengder av vald og hasardiøse scener.

Stort sett alle episodane byr på ville hendingar og god humor, men stort sett alle episodane endar opp med å bli langdryge også. Så eg er rimeleg trygg når eg vurderer heile serien som grei, med innspel av nokre hysteriske innslag.

Bottom 1991-1995 plakat - Filmdagbok