Braindead

Paquita blir spådd i kort av bestemora. Ho skal snart møte ein ung mann, som ho endå ikkje kjenner, og bli fullstendig forelska i han. Også nokon greier om døden, som bestemora raskt hoppar over.

Mannen som Paquita møter heter Lionel. Romansen som oppstår mellom desse i det romantiserte 1950-talsmiljøet til filmen får raskt ein fiende, mora til Lionel. Og for å hoppe over litt handling så blir altså ein person biten av ein rotteapekatt frå Sumatra og slik oppstår zombien. Zombien blir til zombiar og nokon greier om døden blir eit problem for Lionel, som forresten er ein distre og komisk person.

Braindead tar ikkje seg sjølv høgtideleg, men er ein gjennomført film. Han får like fullt fram ei barnsleg glede over å lage rå, mildt sagt dryg film. At han aldri har intensjonar om å heve seg over filmmediet, men veit å utnytte spesialeffektar til det absurde og grenselause, gjer dette til ein herleg film.

At Braindead er i ein klasse for seg sjølv når det kjem til zombiegalskap, er det ingen tvil om. På andre område når han ikkje nødvendigvis opp, og sjølv om krava mine innanfor zombie- og splatter-filme er tilpassa sjangeren, kan Braindead tidvis dryge det med litt for mykje tull i oppbygginga mot klimakset.

Trass i at eg må vere litt streng med karakteren er Braindead noko av det friskaste, villaste og blodigaste eg har sett på lenge, og med tanke på ei klumpete grasklypparscene, kanskje nokon gang. Og nettopp på grunn av dette må filmen anbefalast i høg grad.

Braindead 1992 plakat - Filmdagbok