Brass Eye

Serie · 1997–2001 · · 23. mai 2007
3/5

Brass Eye er britisk satire sett saman som eit aktualitetsprogram kor kvar enkelt episode ser med kritisk syn på spesielle tema. Desse tema strekker seg frå dyr til pedofili. Det meste av innhaldet er pur faen, men klarer delvis å vere oppsiktsvekkande og skremmande. Programma er bygd opp på falske rekonstruksjonar, uekte arkivfoto og meiningslause intervju gjerne basert på fiksjonsfakta.

Humoren ligg mest i tilsynelatande fakta som går langt over kanten. Som i dyreepisoden, der dyremishandling blir tatt opp. Eit alvorleg diskusjonstema, men kva når me får sjå skjult kamera frå ei gruppe ekstremistar som skyt levande kyr ut frå gigantiske kanoner, eller besøker ein skule som har ein innesperra narkoman for å vise dei skumle sidene ved rusbruk i episoden om narkotika?

Ikkje alt fall i smak, mykje kjem nok av at serien drar på åra og verkar datert. Dei første seks episodane gjekk så langt tilbake som i 1997, mens den siste var ein spesial frå 2001. Den siste var klart den mest morosame. I blant blir det også for lite humor, men for mykje meiningslaus parodiering.

IMDb-logo
TV Time-logo
Brass Eye 1997-2001 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Christopher Morris (I)Mark Heap (I)Kevin EldonVis alle

Sjanger