Brazil

Terry Gilliam har laga ein film som ikkje berre utnyttar samtidige dystopiske filmar for god humor, men som også har noko han vil sei sjølv. Dette er ein kritikk mot det firkanta byråkratiet, om enn ein morosam kritikk, så ein kritikk alle nok vil legge merke til.

Jonathan Pryce er mannen i hovudrolla som har funne seg til rette i ein av tusenvis av anonyme papirjobbar som samfunnet her består av. Heile handlinga og framtida til karakteren til Jonathan Pryce har utspring i ei feilstaving på eit skjema i byrjinga av filmen, som ei fluge har vore årsaka til. Denne sekvensen er i grunn heile poenget til filmen sett på spissen, med eit så strengt byråkrati blir den personlege berøringa undertrykke.

Brazil er morosam, vellaga og er både god underhaldning samtidig som han har nokon poeng. Det er ikkje fullt ei så mørk dystopisk forteljing, men det spelar ingen rolle at kritikken er beinhard, til det har me mellom anna Nineteen Eighty-Four. Det som gjer at Brazil ikkje fortener ei pallplassering er at han blir for lang, trass i mykje historie å gripe tak i. Det er spesielt nokon av drøymesekvensane til hovudpersonen som drar ut, slåstkampen mot monsteret som i grunn ikkje er så altfor spennande eller givande, uansett den symbolske verdien.

Filmen er god, men ikkje topp. Men eg hadde lyst på eit gjensyn, og det er difor eg no har skrive om han.

Brazil 1985 plakat - Filmdagbok