Breakdown

Jeff Taylor og kona er på flyttefot og har valt utsiktstraseen på veg mot California. Dette inneber avsidesliggande og små bygder og kriminelle hillbilliar. Jeff som er spelt av Kurt Russell er den sjølvskrivne helten når sjangeren er action og thriller. Kona blir kidnappa når lokale tilbyr hjelp ved eit uheldig motorstopp Jeff og kona får med den splitter nye bilen sin, og han må ta saka i eigne hender.

Kurt Russell er kul, det er det ingen tvil om, filmen har fått greie tilbakemeldingar og handlinga verka spennande og enkel nok til å gjere Breakdown ein filmkveld verdig med dei rette forventningane knytt opp mot den. Thriller i ingenmannsland med hillbilliar og høg biltemperatur er noko å like i desse kretsar.

Breakdown byr ikkje på dei store overraskingane i oppbygginga, men blir aldri tåpeleg eller irriterande på grunn av den til dels føreseielege retninga filmen tek. Det ligg i korta at Jeff hamnar i ein håplaus situasjon og at me må følge denne ei lita stund før konfrontasjonen med skurken står for døra. Med sine 90 minuttar blir strengt tatt ingen av sekvensane for lange og det er et godt driv heile vegen. Originalitet er vanskeleg å knyte til Breakdown, truverd mot sjangeren er derimot lett. Første del er tam i blant, det kunne ha vore bygd meir opp rundt stemninga, men det vart heller aldri kjedeleg.

Bør du sjå filmen? Vel, du treng strengt tatt ikkje gjere det, men synst du derimot det over talar til fordel for filmen er jo saka grei. Kurt Russell spelar ikkje den mest spennande karakteren, sett i kontrast til Snake Plissken i Escape from New York og Escape from L.A., men styrer friskt unna å ende opp som den verste stereotypen eg gjerne knyter til denne type film. Med det meiner eg der ein mann blir pressa inn i ein situasjon, og med det blir forvandla til ein hardbarka actionhelt.

Mangel på originalitet, på sterkare stemningsbygging og på spennande karakterar er med å holde rangeringa av filmen godt under tretoppen, dessutan blir eg aldri skremt eller forstyrra av skurken spelt av J.T. Walsh. Ingen spesifikke ting der å sette fingeren på som negativt, så det var sagt. Når det kjem til dei verkeleg spennande delene av filmen er det høg adrenalinfaktor.

Breakdown 1997 plakat - Filmdagbok