Breaking and Entering

Filmtraileren fanga meg umiddelbart, likevel om eg ikkje heilt visste kva dette ville gå ut på. Eg har gått å venta på å få sett filmen nokon veker no, kanskje eit par månader, og endeleg fekk eg gjort det.

Jude Law og Juliette Binoche møtes i det som er både eit romantisk og komisk drama, men kanskje mest thriller, sett til eit moderne London. Jude Law er arkitekten, viss kontor blir robba av sonen til birolla.

Grunnen til at dette fall så godt i smak var tempoet og stemninga filmen skapte. Vanlegvis forventar eg ein visst gang i filmar etter å ha sett ein filmtrailer. Breaking and Entering klarte å holde forventningane på avstand og eg var ganske open til kva filmen hadde å by på.

Tempoet som sagt. Det er ganske lågt, og alt går jamnt framover. Lite blir utheva eller sett på spissen, så dette er altså ein film eg rekna med den kravstore, fartsglade filmsjåaren ville ha karakterisert som kjedeleg. Eg derimot, elskar å kunne sjå ein film som kryp innpå meg og klarer å skape ei smått morosam, dramatisk og litt romantisk stemning utan å trekke på klisjeane.

Framstillinga av London her er dessutan i retninga eg hugsar byen frå nokon år tilbake, når eg var innom der. Ein by der enkelte deler er under oppussing og ombygging var det som møtte meg, og er det som blir framstilt i denne filmen. Sjølvsagt er det dei menneskelege relasjonane som er den viktigaste ingrediensen her, og magien, eller kanskje å sei forholda mellom personane er rettare, fungerer på eit vis som eg sjeldan ser på film. Forventningane til at ein film slår ting opp er kanskje grunnen til dette. Eg likar derimot å få ein film som gjer ting eg på eit sjeldan vis ser, det fekk eg her.

Om du skulle mislike Jude Law bør du holde deg unna Breaking and Entering, for det er Jude Law som i stor grad løftar filmen. Han er i mine auge ein utmerka skodespelar, så lenge han får dei rette rollene.

Dette blei over gjennomsnittleg langt, kanskje litt fram og tilbake, men eg håpar at det kom tydeleg fram at dette er ein film utanom det vanlege. Eit drama utanom det vanlege. Og at det fall godt i smak her. Han klarar å røre med glede og tårer, som er sterkt.

Breaking and Entering 2006 plakat - Filmdagbok