Breaking In

Serie · 2011–2012 · · 23. august 2012
3/5

Breaking In er meir eit avbrekk frå andre seriar enn ein fullkomen serie i seg sjølv. Første sesong blei lansert som ein midtsesongskomedie og berre sju episodar blei sendt, fordi serien fekk for dårlege sjåartal til å holde fram. Men nokon ombestemte seg og det vart ein 13 episodar lang andre sesong året etter.

Christian Slater spelar sjefen i eit selskap som spesialiserer seg i ulike sikkerheitsoppdrag. Eit mannskap på fire, etter kvart fem når Michael Rosenbaum blir med, tar små oppdrag som handlar om utprøving av sikkerheit og liknande.

Med unntak av dei to som er nemnt over og Megan Fox-etterliknar Odette Annable er det ein anonym gjeng som er med. Episodane er litt artige, men i det lange løp kunne det blitt ein tung serie. Breaking In går allereie til det ekstreme frå første minutt, og kjem ut av det som ein serie som prøver for hardt.

Ein grunn til at eg skriv om Breaking In er at eg likar sånne avbrekk innimellom, kortlevde seriar med over middels underhaldningsverdi, som på ingen måte forpliktar med tanke på tidsbruk. Og som ein sånn serie er Breaking In god nok.

Breaking In 2011-2012 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Bret HarrisonAlphonso McAuleyChristian Slater (I)Vis alle

Sjangrar

Land