Brick

Brick er ein neo noir med ungdommar med eigen vri for å sleppa unna førehandsdømming og samanlikning med klassisk film noir. Som uavhengig lågbudsjettsfilm kan han stolt konkurrere med kva som helst av dyrare film innan utføring. Gjensynet mitt var rikt og gav innsikt eg ikkje hadde fått ved tidlegare visningar.

Brick kan sjåast på ulike måtar. Personleg likar eg han som seriøs ungdomsfilm med kult språk. Men han kan ha meir å by på for spesielt interesserte. Skulle du like å sjå ein moderne film prega av film noir til dømes, så har du det her.

Inntrykket eg har skapt for meg sjølv i ettertid av første vising nokre år tilbake var vanskeleg å nå opp til. Den logiske sansen min tilseier at eg kanskje ikkje likte han så godt som eg hugsa, og at eg difor likte han like godt denne gongen. Men eg anbefaler denne gjerne til dei som er på jakt etter noko friskt, smart og litt annleis.

Før Brick hadde eg aldri har høyrt omgrepet teen noir før. Når det viste seg at same nemninga vart brukt om Veronica Mars, så demra det. Og ei samanlikning med Donnie Darko er ikkje heilt på trynet heller, eg kjenner igjen ein del av stemninga og verkemidla for å skape ho, likevel om dette er meir komplisert.

Dialogane er litt for mykje for desse enkle folka, men ein viktig del av filmen. Trass i at det er brukt eit par store ord for mykje, så må eg sei at snakkinga var det som trekte meg inn i filmen. Likevel om ikkje alle var like kvalifiserte til å formidla det spesielle språket heile vegen.

Eg må få skryte av filmen, og kan ikkje nekte for at eg likar han godt.

Brick 2005 plakat - Filmdagbok