Bride & Prejudice

Dette var mitt andre møte med ein halvblods Bollywood-film. Eg såg The Guru med Heather Graham for eit par år sidan, og tykte først og fremst at musikken og atmosfæren der var god. Musikken var faktisk betre enn filmen elles var.

Synginga gjekk føre seg på engelsk, for det meste. Produksjonen er britisk og amerikansk. Det er jo eit kjent faktum at spesielt amerikanske filmsjåarar er negative til underteksting. I Noreg er det annleis, sjølv er eg godt van med internasjonale filmar og teksting.

Men over til filmen. Aishwarya Rai Bachchan er den store stjerna i denne filmen, og ein av dei mest populære skodespelarane i India for tida. Alle seier ho er vakker, og eg skal ikkje nekte for det.

På herresida har me Martin Henderson, som også spelte i fiaskoen Torque. Og Naveen Andrews, ei stjerne i serien Lost.

Eg har ikkje sagt så mykje om filmen hittil, som kan bli tolka positivt, med tanke på at eg ikkje har hatt noko negativt eg har måtte lire av meg så fort som mogleg. Filmen oppfylte krava til å bli ein god film, og sette meg i godt humør. Han er fargerik, enkel og glad. Du vil nok like han viss du ikkje bryr deg så mykje om historia, men vil ha fengande tonar.

Bride & Prejudice 2004 plakat - Filmdagbok