Bride of Re-Animator

Bride of Re-Animator kom fem år etter Re-Animator. Herbert West (Jeffrey Combs) og Dan Cain (Bruce Abbott) er i ein militærleir godt utanfor USA, der forsøka om å gjere døde levande fortset.

Heilt i frå første minutt er det klart at denne filmen ikkje vil innehalda noko nytt. Dialogane er blitt skikkeleg rare, spesielt i den romantiske delen av filmen. Rollefigurane meir karikerte, om mogleg.

Når me etter kvart flyttar oss tilbake til sjukehuset frå den første filmen, får West og Cain besøk av eni politietterforskar i privat ærend. Han finn ut at West stadig rotar med døde.

Historia her er verkeleg tam, og likevel om eg ikkje klarer å sette fingeren på kva, så er noko av magien frå Re-Animator borte.

Bride of Re-Animator 1990 plakat - Filmdagbok