Brief Interviews with Hideous Men

John Kransinski har gått frå The Office til regissørstolen med Brief Interviews with Hideous Men. Her prøver han å lage ein over gjennomsnittleg smart film, med djupe samtalar som viser at enkle personar kan vere komplekse på innsida.

Det handlar om ei kvinne som jobbar med avhandlinga si. Tema krev at ho intervjuar menn om deira syn på, behandling av og observasjon av kvinner. Nyleg ut av et ikkje fullt så hyggeleg enda forhold sjølv, kjem det naturleg at arbeidet går parallelt med hennar personlege liv i filmen.

Den gode samtalen er ofte til stades, og John Krasinski sjølv dukkar opp med ein av dei betre monologane eg har sett på aldri så lenge. Men bak samtalen kjennes det meir som filmen strevar etter erkjenning og lite anna. Handlinga manglar motivasjon, og det hjelp ikkje på dei anonyme karakterane at det er mindre anonyme skodespelarar som spelar dei.

Brief Interviews with Hideous Men var altså først og fremst ein skuffande adaptasjon av boka til David Foster Wallace. Men han hentar seg inn på det eg kallar den gode samtalen. Og eg har eit inntrykk av at dette eigentleg er ei god historie som dessverre berre har blitt litt dårleg formidla.

Brief Interviews with Hideous Men 2009 plakat - Filmdagbok