Bring It On

I denne enkle ungdomsfilmen med potensiale, møter me cheerleading-laget til den oppdikta skulen Rancho Carne High School, eit kort stykke utanfor Los Angeles. Fotballaget til skulen er dårlege nok, men cheerleading-laget har vunne ein nasjonal konkurranse fire år på rad og er populære i lokalmiljøet.

I den sentrale rolla som Torrance, den nye kapteinen til teamet det følgjande skuleåret, har me ei søt, men litt stiv Kirsten Dunst. Ho viser ei bra side som privatpersonen Torrance, men manglar ei avslappa holdning som synest å følge framstillingar av spretne cheerleaders i amerikansk populærkultur, og det er ein del av det eg forventar.

På overflata er Bring it on ein enkel gladfilm, det er høgt tempo, musikk med trykk i, og relativt pene folk. At filmen ikkje serverer ei rags to riches-historie, gir han inntrykk av å ha meir å spele på enn eit lag sitt mål om å vinne.

Det som er synd er at Peyton Reed, regissøren her, ikkje vågar å ta nok sjansar. I løpet av 100 minuttar streifar me innom fleire gode tema og problem som det kunne ha blitt brukt meir tid til å reflektere rundt. Og som kunne bidratt til å gi Bring it on den djupna eg synst han fortener, utan at det hadde gått på rekning av cheerleading-handlinga. Behandlinga av Torrance sitt forhold til det nye søskenparet på skulen og dei homofile sin plass på laget er skyvd i bakgrunnen.

Grunnen til at eg saknar dette er at me i det heile får ein smakebit av det. Måten det berre blir streifa innom gjer at eg ser på filmen si handtering av problem som generelt litt for enkel å gripe fatt om. Det er positivt at det ligg under overflata at det er meir ved desse folka og denne skulen, men trekk ned at det ikkje er prøvd hardare å bli behandla.

Det sagt, filmen har fleire gode sider enn negative. Han blir for eksempel aldri kjedeleg og fyller godt sekken for underhaldning. Humor er på plass, koreografien og generelt all cheerleading er eksellent utført. Karakterutvikling viser fram jentene med ein modnad nok til at det verkar naturleg, i lyset av at formatet er Hollywood-ungdomskomedie.

Oppsummert: Potensiale, fråvær av dødpunkt, desse to tinga er med på å trekke middels god ungdomsfilm opp frå å vere ein av mange ubetydelege gjennomsnittsfilmar.

Bring It On 2000 plakat - Filmdagbok