Broad City (2014–2017)

Serie / 6. mars 2018
3/5

Broad City er en Comedy Central-serie om to unge kvinner i New York. Dei havnar i all slags små samtalar og hendingar, som de handterer på artig vis. Mitt forhold til serien utviklet seg dit hen at eg lett kan dele den inn i to. Det gode og det dårlege.

Det gode er at serien har mange små poeng om enkle ting, og gjer det på en humoristisk og god måte. Karakterane er uføreseielege og irrasjonelle, som er en dårleg greie, men de er også hyggelege og lar seg ikkje bli puttet i bås av andre. Så de er uavhengige. I motsetning til Girls som stort sett har grunnleggande fæle personar, er dette i det minste karakterar som klarer seg på eigen hand.

Javisst er serien rølpete, men i det store og hele er det ikkje usmakeleg. Eventuelt har eg sett for mykje av det verste til å ikkje kjenne igjen det nest verste. Sett forbi handlingane de gjer som går utover andre, så er observasjonen av det desse gjer mot seg sjølv på en frisluppen og ubetinget måte litt artig. Mest som at mykje er ting eg bevisst ikkje ville gjort sjølv, og dermed som en positiv påminner om meg sjølv.

Men mitt første poeng er det viktigaste, at Broad City stort sett tar mange små og store obersvasjoner på kornet, og viser dette på små eller store måtar. Det gir meirsmak å få dette blikket på liv og levner i New York, og eg ser meg gjennom seriens første to sesongar ganske kjapt. Den tredje sesongen fulgte eg fra veke til veke, noko som også fungerte. Men serien har da gått seg så til at det ikkje er nytt og friskt lenger.

Eg vil komme tilbake med et oppdatert innlegg etter at serien har kommet med sin femte sesong.

Broad City 2014-2017 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Comedy Central

Skaparar

Ilana Glazer, Abbi Jacobson

Skodespelarar

Ilana Glazer, Abbi Jacobson, Hannibal Buress, Arturo Castro (XII), John Gemberling, Paul W. Downs, Stephen Schneider, Chris Gethard, Eliot Glazer, Nicole Drespel

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Broad City

Forfattar