Broadcasting Christmas

Film / 2016
2/5

Den romantiske komedien Broadcasting Christmas er ein Hallmark-film frå 2016. Det er ein julefilm, regissert av Peter Sullivan.

Eg var noko skeptisk i forkant av denne. Dean Cain spelte i Holiday Miracle, den vondaste julefilmen eg såg i 2015, og ein av dei vondaste filmane generelt eg såg i 2015. Men eg tok likevel sjansen då han baud seg.

Broadcasting Christmas handlar om to programleiarar på tv. Ein som jobbar i eit lokalt nyhendeprogram i ein småby, og ein i eit lokalt nyhendeprogram for storbyen New York. Desse to har ei fortid i lag, men har ikkje møttest på mange år. Då eit populært nasjonalt program skal få ny programleiar, møtes dei på nytt, begge to som aktuelle kandidatar.

Denne filmen skil litt seg ut frå mange av dei andre julefilmane frå Hallmark eg har sett hittil i år. Moglegvis er det ambisjon han har, sjølv om gjennomføringa ikkje lukkast.

Peter Sullivan har ei imponerande mengde tv-filmar på rullebladet. Men det er vel som å regissera ein episode i ein serie når det gjeld desse billegare tv-filmane. Uansett har eg ingen tilhøve til filmane til denne regissøren frå før, og kan ikkje seia at Broadcasting Christmas har nokon særpreg heller.

Karakterane i denne filmen er ikkje spesielt gode. Men både Dean Cainn og Melissa Joan Hart gjer heilt kurante presentasjonar. Ikkje noko å skriva heim om. Karakterane er tynne og uinteressante, men det vert gjort det som kan vert gjort i få desse til å leva litt likevel. Nokre kjensler klarer dei derimot ikkje å mana fram.

Broadcasting Christmas er ein enkel film, men har ein slutt som er meir anten eller, heller enn å vera heilt gjeve. Så han har i det minste fleire potensielle utfall for seg. Det er ikkje så mykje spennande som skjer reint visuelt. Produksjonen er trygg og tradisjonell.

Eg hadde som nemnt noko låge forventningar, og Broadcasting Christmas klarer heller ikkje å leva opp til midten av skalaen. Det er ein film å gløyme, og eg finn ikkje nokon grunn til å rå til han på noko som helst vis.

Broadcasting Christmas 2016 plakat - Filmdagbok