Broken Arrow

Tom Jeffords (James Stewart) reddar ein 14 år gammal Apache-gut. Når han etter nokon dagar møter på stamma til guten, så blir livet hans spart, men han får beskjed om aldri å røre seg i området igjen.

Historia om Jeffords som sidan oppsøker Apache-stamma på nytt, i håp om å få i gang fredssamtalar mellom dei og det amerikanske militæret, går føre seg sånn cirka midt på 1800-talet. Figurane i filmen er henta frå historia, men forteljinga er naturlegvis dramatisert.

James Stewart er den rette mannen til å spele den rettferdige og smarte Jeffords. Eit av kjennemerka til James Stewart er hans beherska og rolege stil, og han passar godt inn her, der han spelar mannen som rir inn i Apache-land for å møte den berykta krigaren Cochise (Jeff Chandler).

Styrken til filmen er emna til å portrettere indianarane som sympatiske, i tillegg til å bygge opp handlinga til å sitre av spenning og innehalda gripande dramatikk. Alt er filma i nydeleg Technicolor.

Broken Arrow 1950 plakat - Filmdagbok