Broken Flowers

Eg har ikkje heilt den store tiltrua til filmsmaken til folk, og tenker med ein gong når eg har funne ein fin, roleg og spesiell film, at eg nok er den einaste som vil like han. Det tenkte eg etter å ha sett denne og. Jim Jarmusch har skrive og regissert denne gode blandinga av bilde, lyd og ei rar historie, og Bill Murray passar perfekt som det rare midtpunktet.

Eit par andre interessante ansikt dukkar også opp. Alexis Dziena sin rollefigur Lolita refererer direkte til Nabokov sin lyriske og mørke komiske roman, utan å vere heilt klar over at med kvart einaste forførariske sleik på kjærleik på pinnen, så følger ho skjebnen til romanen.

Som konklusjon til denne filmen vil eg enkelt å greitt seie at eg vil anbefale han.

Broken Flowers 2005 plakat - Filmdagbok