Broken Sword: The Serpent's Curse (2013)

Spel / 1. juli 2019
4/5

Eg spelar omtrent eit til to spel i året. Hittil i 2019 har eg spela meg gjennom mobilversjonen av Broken Sword: The Serpent's Curse.

Spelet er i sjangeren eventyrspel av typen point and click. Det handlar om den amerikanske George og franske Nico, som tilfeldigvis hamnar midt oppi ei drapssak, som utviklar seg til å handle om alt frå etterforskning, til jakt på svindlarar og religiøse artefakter.

Grafikken til spelet består av teikneserieaktige bakgrunnar med mange detaljar. Elementa som rører seg er tredimensjonelt animert, men har også teikneseriepreget. Det er både humor og stor detaljrikdom å fordjupe seg i.

Vanskelegheitsgraden varierer. I motsetning til andre liknande spel eg har vore borti, kan dei fleste problema løysast utan å gå for mykje fram og tilbake. Men at dei er lokalisert til same skjermbilde, eller same lokasjon. Det er ikkje så mange vanskelege gåter, men mest utfordring i å kombinere gjenstandar som er plukka opp, i rett rekkefølgje. Eg må i blant ty til den innebygde hjelpefunksjonen når tålmodet tek slutt, men det meste er lett nok å løyse.

Historia er god. Det er eit interessant spel å spele på grunn av dette, noko som trengs sidan spelet elles er den same oppskrifta heile vegen, berre på ulike lokasjonar.

Broken Sword: The Serpent's Curse er mitt første møte med Broken Sword-serien. Og det kan godt hende eg spelar ein av dei andre spela i serien seinare.

Broken Sword: The Serpent's Curse 2013 plakat - Filmdagbok

Regi

Charles Cecil, Joanna Green

Manus

Charles Cecil, Neil Richards

Skodespelarar

Rolf Saxon, Emma Tate, Nicholas Boulton, David Shaw Parker, Rob Rackstraw, Colin Mace, Tim Bentinck, Rosalyn Landor, Kerry Shale, Toby Longworth

Sjanger

Eventyr

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Broken Sword: The Serpent's Curse

Forfattar