Bronenosets Potyomkin

Dette er hyllesta til Sergei M. Eisenstein til besetninga på den russiske panserkryssaren i 1905 er ein film eg ei stund kunne tenke meg å sett heile av, og ikkje berre klypp under forelesing.

Filmoppvisinga stod oppført som eit live arrangement med film og orkestermusikk. Musikken er av Eisenstein Cinematic Orchestra. Dette gav ein heilt ny dimensjon til filmsjåing for min del, og er absolutt å anbefale om sjansen byr seg.

I lag kan dette bli kalla underhaldande kunst. For meg kraftig og stemningsfulle tonar komponert av Christian Rønn og Peter Peter kjeda eg meg ikkje et sekund.

Eg sovna derimot to gonger, i nokon få sekund, med det var av andre årsaker. Og ein time på eit tregolv er heller ikkje spesielt behageleg. Ein faktor som skulle ha motverka søvn.

Bronenosets Potyomkin 1925 plakat - Filmdagbok