Brooklyn Nine-Nine

Serie
2013–2019
3/5

I denne amerikanske komiserien følgjer me den sprø staben av politifolk på ein politistasjon i New York. Serien gjekk først i nokon år på Fox, og har seinare bytta beite til NBC. Det er ein komiserie av den tradisjonelle typen med episodebaserte historiar.

Brooklyn Nine-Nine siktar verken inn mot realisme eller noko djupare meining. Det er ein lettfatteleg serie med overfladisk humor og ein del referansehumor. Referansehumor er eigentleg ikkje humor etter mi meining, men berre eit grep som gjer at enkelte sjåarar skal føle seg godt ved å kjenne igjen referansen.

Trass i bruken av referansehumor er dette ein underhaldande og artig serie, som har mykje anna å spele på også. Eg likar ikkje så godt dei stadene der serien prøver altfor hardt å ro i land vitsar som ikkje er artige, men set pris på karakterane og deira etter kvart etablerte historikk og oppførsel. Etter mange år er det dette som gjer at serien går sin gang og kan sjåast.

  • Brooklyn Nine-Nine 2013-2019 plakat - Filmdagbok
  • Brooklyn Nine-Nine 2013-2019 plakat - Filmdagbok
  • Brooklyn Nine-Nine 2013-2019 plakat - Filmdagbok
  • Brooklyn Nine-Nine 2013-2019 plakat - Filmdagbok
  • Brooklyn Nine-Nine 2013-2019 plakat - Filmdagbok
  • Brooklyn Nine-Nine 2013-2019 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    18. juni 2020 av

    Skaparar

    Michael Schur (I), Daniel J. Goor

    Skodespelarar

    Andy Samberg, Stephanie Beatriz, Terry Crews (I), Melissa Fumero, Joe Lo Truglio, Andre Braugher, Dirk Blocker, Joel McKinnon Miller, Chelsea Peretti, Marc Evan JacksonVis alle 917 skodespelarar

    Sjangrar

    Komedie, Krim

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om Brooklyn Nine-Nine