Brooklyn

Brooklyn er min type film, det er ikkje til å nekte for. Eit visuelt pent romantisk drama med både godt miljø og gode karakterar.

Ei ung kvinne flyttar frå Irland til Brooklyn, New York. Me følger ho frå å vere usikker og ny, til å bli sjølvsikker, men framleis splitta mellom sitt tidlegare liv og det nye då ho tar si første reise heim igjen.

Det eg også likar med Brooklyn er korleis filmen klarar å trekke meg inn i historia og gi meg inntrykk av avstandar, tid, kjensler og dette som ein truverdig, men samtidig filmatisk, bit historikk. Med andre ord er det ein film som er rik på uttrykk.

Når filmen nærmar seg slutten like under to timar, er det som om eg kunne tenke meg at han var dobbelt så lang. Det har å gjere med at det me til då har blitt fortalt, berre er starten på eit liv med stort håp framover.

Brooklyn er ein film eg kunne ha gått systematisk gjennom og sagt at det og det likar eg. Samtidig likar assosiasjonane eg får til filmen, på bakgrunn av den solide gjengen som er involvert, og andre filmar eg tenker på undervegs.

For å ta det eit hakk ned igjen mot slutten, så har eg ikkje nødvendigvis sansen for alle sidene ved vår hovudrolle, spelt av Saoirse Ronan. For at dette skulle ha blitt ein topp film for meg, måtte ho ha vore ein person med større personleg styrke, altså ein person eg kunne ha sett meir opp til. Eg er ikkje spesielt interessert i å sjå negative trekk i karakterar bli framstilt som menneskeleg og positivt, og dette er mi einaste innvending mot Brooklyn.

Brooklyn 2015 plakat - Filmdagbok