Bubba Ho-tep

Basert på ein genial idé, og like så gjennomført på ein veldig god måte, så er ikkje dette berre morosamt, men innimellom tankevekkande eller vemodig og. Med stemma til Sebastian Haff / Elvis Presley (Bruce Campbell) som forteljarstemme blir det stilt mange spørsmål som den gjennomsnittlege pleieheimpasienten vil stille seg minst ein gong.

Handlinga speler ut seg på og rundt ein pleieheim i sørstatane ein plass, der to eldre menn: Elvis Presley og John F. Kennedy er innlagt, iallfall trur dei at dei er desse personane. Når ein egyptisk mumie byrjar å ta sjelene til dei gamle og svake tar dei på seg oppgåva å bli kvitt mumien.

Men filmen er først og fremst artig og original framfor tankevekkande, og det er massevis av detaljar som er med på å fullføre filmen. Som boka til Jack (John F. Kennedy-mannen) som heiter The Everyday Man, Woman's Book of the Soul, inskripsjonane til Ho-Tep på fellestoalettet og den sprø Kemosabe, for å nemna få.

Det er også unngått å gjere mumien om til ein fullstendig idiot, som eg har inntrykk av at det ofte blir gjort. Han er ikkje direkte smart her heller, men han blir ikkje gjort komisk heller. Spøkane i filmen ligg først og fremst på eit meir intellektuelt nivå, viss eg kan sei det på den måten, framfor akrobatiske stunt. No skal det seiast at det ikkje heilt er mangel på det heller, med Mr. Elvis Presley i gåstol og President John F. Kennedy i elektrisk rullestol.

Bubba Ho-tep 2002 plakat - Filmdagbok