Buffy the Vampire Slayer (1997–2003)

Serie / 11. februar 2012
4/5

Buffy the Vampire Slayer er serien om tenåringsjenta Buffy. Buffy (Sarah Michelle Gellar) slåst mot mørke krefter, i hovudsak i lag med vennene sine, Xander (Nicholas Brendon) og Willow (Alyson Hannigan). I og rundt småbyen Sunnydale kryr det av vampyrar, demonar og monster. Årsaka er at Sunnydale ligg over eit svakt punkt nær helvete. For vonde makter som ønskar at verda skal gå under er byen eit attraktivt mål for å få dette til frå, og Buffy er eit trofé mange av dei ønsker i tillegg.

Det tok meg fem år å fullføre Buffy the Vampire Slayer, men eg verdsette serien høgt trass tidsbruken. Det er fleire grunnar til at eg likar han. Ein av dei er humoren, som er eit av varemerka til serieskaparen Joss Whedon. Mykje av humoren baserer seg på evna serien har til å reflekterer over seg sjølv. Gjer handlinga i ein episode ein enkel vri eller nærmar seg tåpeleg, då er serien på plass og påpeikar dette før du rekker å irritere deg over kor enkelt det heile framstod. Ein god kommentar frå ein av karakterane er aldri langt unna. Det har med timing å gjere, evna til å overraske blir aldri undervurdert, og serien tenar godt på det.

Som Seinfeld og fleire gode komediar har gjort leverer Buffy the Vampire Slayer etter kvart doble poeng. Eksempelvis kjem Xander med ein artig merknad. Merknaden blir artigare fordi han i tillegg til å vere ein vits også refererer til noko artig som har skjedd tidlegare.

Godt drama følger humoren tett. Alvoret er alltid nære. Karakterane har sitt å stri med. Vekslinga mellom og blandinga av drama og humor forsterkar kvarandre. I botnen ligg spenninga i dei fysiske kampane. Kampane er sjeldan tilfeldige. Framdrifta i serien spelar ofte på kampane som metaforar for dramaet. På overflata er episodane repeterande, ein ny episode betyr eit nytt monster. I ein større samanheng byr episodane på meir. Me merkar korleis livet til karakterane pregar stemninga undervegs. Ein serie må ha eit interessant miljø og danne eit godt serieunivers for å holde det gåande over lengre tid, og Buffy the Vampire Slayer forstår dette og lykkast med det.

Universet med Sunnydale og Buffy i sentrum er rikt på ulike monster. Serien unngår likevel å bli eit maratonløp av einsarta slåstkampar. Karakterane utviklar seg. Slik held dei seg interessante over tid. Merksemda til slåstkampane aukar og minskar, og typen monster som får merksemda endrar seg etter kvart. Det som i første sesong var vanskelege vampyrar er reine søndagsskulen i sjuande sesong.

Ein serie har ei historie han skal fortelja. For at det skal vere bra må det vere grundig gjennomtenkt. At Buffy the Vampire Slayer handlar om det same gjennom sju sesongar er å vise respekt for dei som blei tidleg fans. Men det er også ei avgrensing for serien. Sesongane handlar stadig om å hindre dommedag. Dei same samtalane blir ført gang på gang. Og som eg var inne på, det er mange slåstkampar. Dette er grunnar til at eg har brukt så mange år på Buffy the Vampire Slayer. To sesongar om gangen heldt for meg. Fordi eg ikkje ville gå lei doserte eg altså serien, og det fungerte bra.

Det er ei stor utfordring å oppsummere sju sesongar i eit kort innlegg. Det er lenge sidan eg såg dei første sesongane, og det er lett å bli nostalgisk. Men eg har prøvd å unngå det her. Det er også lett å ta for hardt i for å få fram eit poeng. Det har eg ikkje klart å unngå. Når det gjeld ein serie som repeterer seg sjølv blir det ofte til at eg set fingeren på det. Med Buffy the Vampire Slayer var det dei mange slåstkampane, men det var også ein av tinga som gjorde serien gøy.

Om det er nokon tvil så er dette ei anbefaling av serien. Buffy the Vampire Slayer har eit godt manus, serien er bygd opp så det er både interessant og gøy i det korte og lange løp. Årsakene som var enkle å sette ord på har eg vore innpå. Alle småtinga og detaljane undervegs som er med på å heve dette til eit høgt nivå er det verre med, men dei er altså på plass i serien.

Buffy the Vampire Slayer 1997-2003 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

The WB, UPN

Skapar

Joss Whedon

Skodespelarar

Sarah Michelle Gellar, Nicholas Brendon, Alyson Hannigan, Anthony Head, James Marsters, Emma Caulfield Ford, Michelle Trachtenberg, David Boreanaz, Kristine Sutherland, Charisma Carpenter

Sjangrar

Action, Drama, Fantasi, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Buffy the Vampire Slayer

Forfattar