Buried

Film / 2010
4/5

Pizzabodet vaknar opp på innsida av boksen, med lighter og mobil og lite meir enn småmynt i lommene.

Med innsida av ei kiste som einaste kulisse tar regissør Rodrigo Cortés oss nokon fot under bakken i filmen Buried. Ryan Reynolds spelar Paul Conroy, den uheldig innesperra i denne underjordiske thrilleren, der motspelarane blir frykta, panikken, ein lighter og ein mobiltelefon med minkande batteri.

Å lage ein over 90 minuttar lang film på eit så avgrensa område, med ein skodespelar, er tøft gjort. Sjølv om eg har sett svært avgrensa område resultere i spennande filmar tidlegare, og i utgangspunktet såg fram til Buried, kan eg ikkje nekte for at eg samtidig var veldig spent på om det kunne fungere slik premissane var her.

Buried er ein spennande film og gjer mykje ut av lite. Han skal ha skryt for å holde det gåande med nye utfordringar så lenge som han gjer, men og for å våge og lykkast i å roe ned, forvirre med mørke og stille og krevje tålmod ikkje alle har. Det gode med filmen er at han tar tilbake spenningen med trykkande stemning og ikkje påtrengande, grafiske framstillingar.

Alt er ikkje berre fryd med Buried. Det er spørsmål eg gjerne ville ha hatt svaret på, som kva logikken bak deler av handlinga er. Mangel på informasjon knytt til personen Paul Conroy var heller forfriskande. Å byrje på bar bakke og bli fortalt små bitar for så å pusle bitane saman sjølv, er ein viktig del av filmen.

Buried 2010 plakat - Filmdagbok