Café Society (2016)

Film / 31. desember 2016
3/5

Café Society er ein film som kom ut i 2016. Han er regissert av Woody Allen, ein av dei store regissørane det siste halve hundreåret. Han har nesten årleg har komme ut med filmar siden 1970-talet.

Eg har alltid nokon forventingar til Woody Allen. Han har vore ein av mine favorittar i mange år, trass i for at ikkje alle filmane hans er like gode. Og trass i at hans filosofiske ståstad er diskutabelt. Det fine med filmane hans er at dei går inn for å fortelja gode, men enkle historier og at dei vektlegg gode dialogar og monologar.

Café Society handlar om ein ung mann som drar til Hollywood for å søke lykka. Han har ein onkel i filmindustrien, som er hans inngangsbillett til ei verd prega av kjendisar og pengar. Ting tar derimot ei anna vending då han forelskar seg og deretter får sitt hjarte knust.

Det er mykje bra med Café Society. Men han evnar ikkje å stikke spesielt djupt. Filmen føyer seg inn i rekka av nostalgiske røyningar av Woody Allen. Han lykkast i å gi eit innblikk i eit fenomen, rammene rundt fenomenet, og ei romantisk historie med håplaust utfall.

Eg ser ikkje ein Woody Allen-film utan å samanlikne med nokon av hans over 40 andre filmar. Til det har eg altfor tett forhold til filmane hans til å unngå. Då eg rangerer Café Society blir det i lys av dette, og ikkje nødvendigvis av det andre som kjem ut for tida.

Nokn eg merkar her, som eg også merka i Amazon-serien til Woody Allen, Crisis in Six Scenes, er at det tekniske ved produksjonen verkar noko røft. Som om det skin gjennom at budsjettet har vore stramt, eller tida knapp. Eg har ikkje oppsøkt meir informasjon om dette temaet, men merka at dette inntrykket pregar noko av stemninga eg hamnar i.

Dommen er likevel at dette er ein god film. Det er typisk og trygt av Woody Allen, og du vil ikkje bli skuffa om du ikkje forventar eit meisterverk vel og merke.

Café Society 2016 plakat - Filmdagbok

Regi

Woody Allen

Manus

Woody Allen

Skodespelarar

Steve Carell, Sheryl Lee, Todd Weeks (I), Paul Schackman, Jodi Carlisle, Jeannie Berlin, Ken Stott, Richard Portnow, Jesse Eisenberg, Sari Lennick

Sjangrar

Komedie, Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Café Society

Forfattar