Café

Café er eit forsøk. Enkelte vil kanskje like forsøket. I blant synst eg at eit forsøk kan vere godt nok, men ikkje med Café.

Café prøver å skape atmosfære. Café prøver å ta opp seriøse tema og vere lur, blant anna med forsøket på ein lur slutt.

Alle desse forsøka mislykkast.

Det som er igjen er eit par gode og fleire halvgode dialogar. Eit tilnærma romantisk innslag blant dei tilsette. Noko som grensar mot komedie. Men stort sett er det beste Café får til å unngå noko som helst, verken godt eller dårleg.

Det blir med forsøket for Café.

Café 2011 plakat - Filmdagbok