Cake

Det beste med Cake er måte historia til filmen blir fortalt på, i fråvære av utdjuping og forklaring av situasjonen me er vitne til. Me blir kasta inn i livet til ei fysisk skada og sjølvmedisinerande kvinne spelt av Jennifer Aniston. Kva som har skjedd og kvifor ho held på som ho gjer, får me ikkje vite på ei stund. Gradvis får me små detaljar, men den fullstendige forklaringa lærer me ikkje.

Filmen tar for seg ein periode i livet hennar då ting er i ferd med å endre seg til det betre. Blant anna i form av møter med nye menneske, både for oss og for henne. Det går sakte, og i det store og heile skjer det ikkje mykje. Styrken til Cake er i å formidle ei dyster tid med eit lysglimt av håp på ein laber måte med ein snev av humor. Men eg har mindre sansen for filmar som støttar seg på at tunge tider skal vere interessante. Eg likar best filmar som feirar livet, eller er absurde. Difor når aldri Cake opp for min del.

Cake 2014 plakat - Filmdagbok