Californication (2007–2014)

Serie / 18. juli 2014
4/5

Californication med David Duchovny i spissen har briljert på amerikanske Showtime siden 2007, men har no blitt avslutta etter sju hyperaktive sesongar.

Serien handlar kort fortalt om ein forfattar som med barn sitt og mora til barnet flyttar frå New York til Los Angeles. Han hadde stor suksess med ei bok nokon år i forvegen, men har ikkje skrive på ei stund. Han er også i overkant glad i alkohol og damer, og røyker som ein skorstein. Men er i grunn ein kar som er lett å like likevel.

I løpet av sju sesongar er det av og på med mora til barnet, nye prosjekt og mengder med personlege katastrofar. Serien er mildt sagt av det dryge slaget, med banning, utruskap, sex, narkotika, alkohol, og så vidare. Det er ofte på kanten, men stort sett alltid humoristisk.

Kvar sesong består av tolv episodar på i underkant av ein halvtime. Dei fleste sesongane såg eg på ståande fot, for når eg først var i gang med Californication gjekk det unna. Innhaldet er lett, tempoet høgt og det skjer akkurat nok til at eg vil ha meir.

Etter ei stund gir strengt tatt ikkje serien så mykje nytt, og det er greit at det blir sju sesongar og ikkje fleire. Og sjølv om eg vil anta at dei første sesongane var best, så synst eg også serien har holde seg godt. Tidlegare såg eg kvar sesong i eit køyr, men siste sesong så eg fordelt over åtte veker, og kan stadfesta at serien heldt godt da også.

Det kan bli sagt mykje om påfunna til Hank Moodys (David Duchovn), og minst like mykje om dei andre karakterane i serien. Men der serien kjem mest til rette er å nemna det som den perfekte serien å sjå, dersom du er på jakt etter lett og grov humor. Det fungerer frå start til slutt, og sju sesongar er ikkje overveldande med 12 episodar kvar.

Californication 2007-2014 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Showtime

Skapar

Tom Kapinos

Skodespelarar

David Duchovny, Natascha McElhone, Evan Handler, Pamela Adlon, Madeleine Martin, Stephen Tobolowsky, Madeline Zima, Callum Rennie, Jason Beghe, Rachel Miner

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Californication

Forfattar