Cape Fear (1991)

Film / 10. januar 2008
3/5

Martin Scorcese, nyinnspeling, Nick Nolte. Tolk det som du vil, men her betyr ikkje Scorcese nødvendigvis høg kvalitet, nyinnspeling tull eller Nolte dårleg skodespel. Cape Fear er omtrent så midt på treet som det går an å bli. Her vekslest det på rå kameraføring og tidleg 1990-talsklisjear, mykje hadde glidd godt inn i 1960-talsfilm , men blir feil her, utan at det er direkte dårleg. Stemningsskapande musikk av godt kaliber får aldri fram den forventa sitringa, eg torer sei at Robert De Niro sin karismatiske psykopatiske eksfange blir meir morosam enn truande. Midt på treet halvveges gjennomført.

Cape Fear 1991 plakat - Filmdagbok

Regi

Martin Scorsese

Manus

John D. MacDonald, James R. Webb, Wesley Strick

Skodespelarar

Robert De Niro, Nick Nolte, Jessica Lange, Juliette Lewis, Joe Don Baker, Robert Mitchum, Gregory Peck, Martin Balsam, Illeana Douglas, Fred Dalton Thompson

Sjangrar

Grøssar, Krim, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Cape Fear

Forfattar