Career Opportunities (1991)

Film / 23. oktober 2016
3/5

At John Hughes har skrive manus til Career Opportunities merkes. Filmen har likskapar til en av mine favorittfilmar, The Breakfast Club, som ikkje er mogleg å oversjå.

Som i John Hughes eigenregisserte film frå seks år tidlegare blir handlinga lagt til eit avgrensa område, og motsetningar fra ulike sosiale lag tvinges til å sosialisere. Denne gangen er stedet et kjøpesenter, og det er berre to personar som samhandler.

Et annet gjenkjennbart Hughes-element som blandes inn i handlinga er den kriminelle duoen. Tankane mine går umiddelbart til den litt seinare Home Alone.

På sett og vis er Career Opportunities en underhaldande film, som stikk akkurat passe djupt til å skape tredimensjonale karakterar. Ikkje på same nivå som The Breakfast Club her, men godt og vel halvveis. Det er også ein film som appellerer til fantasien om å vere i en butikk etter stengetid, og kunne gjere som du vil.

Mitt einaste problem er den overraskande brå slutten. Når filmen runder 75 minuttar og trådane er i ferd med å samles, virker det nesten som at 10 vesentlege minuttar er borte, og berre det siste minuttet er igjen. Ja takk til ein film som ikkje drar ut slutten, men her manglar den.

Career Opportunities 1991 plakat - Filmdagbok

Regi

Bryan Gordon

Manus

John Hughes (I)

Skodespelarar

Frank Whaley, Jennifer Connelly, Dermot Mulroney, Kieran Mulroney, John M. Jackson, Jenny O'Hara, Noble Willingham, Nada Despotovich, Reid Binion, Barry Corbin

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Career Opportunities

Forfattar