Cargo (2009)

Film / 28. februar 2014
3/5

Cargo frå 2009 er en tysk science fiction om livet i verdsrommet i 2270. Alle menneske har vore nøydd til å flytte fra jordkloden, og lev i verdsrommet. Heldige utvalde har fått reise til Rhea, en jordklodeliknande planet langt, langt borte.

Laura (Anna Katharina Schwabroh) er dama i hovudrolla. Ho er lege og tar jobber på frakteskip for å kunne finansiere flytting til Rhea. Handlinga speler ut seg under en av turane til Laura. Mens resten av mannskapet ligg i djup søvn, og ho har nokon månader vakt, så byrjar det å skje ting på skipet.

Cargo er god på å levere spenning. Store deler av filmen bygger på at vi ikkje ser kva som skjer, veit kvifor det skjer, men får observere konsekvensane. Gradvis blir et større bilde avdekka. Men også gradvis mister filmen gnisten. Etter kvar som eg blir meir og meir klar over at filmen ikkje vel å gå sine eigne vegar, men spelar på oppbrukte hendingsforløp, så finn Cargo seg en plass blant gjennomsnittet. Det står ikkje på dette åleine, men siden filmen ikkje har all verds å by på av gode dialogar, minneverdige skodespelarprestasjonar eller andre plussider, så spelar det en stor rolle.

Med dette i tankane kan eg ikkje anbefale Cargo vidare, så sant du ikkje er science fiction-fan og likar å få med deg det meste som er gjennomsnittleg bra.

Cargo 2009 plakat - Filmdagbok

Regi

Ivan Engler, Ralph Etter

Manus

Arnold Bucher, Ivan Engler, Patrik Steinmann, Thilo Röscheisen, Johnny Hartmann

Skodespelarar

Anna Katharina Schwabroh, Martin Rapold, Regula Grauwiller, Yangzom Brauen, Pierre Semmler, Claude-Oliver Rudolph, Michael Finger, Gilles Tschudi, Maria Boettner, Noa Strupler

Sjangrar

Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

Sveits

IMDb

IMDb-side om Cargo

Forfattar