Carnivàle

Serie
2003–2005
3/5

Det tok meg lang tid å fullføre første sesong av Carnivàle. Eit forsøk for eit par år sidan enda etter første episode, og det måtte eit innkjøp av serien frå NRK si side for å gjere meg interessert igjen. Nok ein gong stoppa det opp, men då på grunn av at eg rett og slett gløymte serien eit par veker.

Det enda opp med at eg måtte skaffe heile serien igjen på eige hand før eg endeleg fekk fullført han, noko eg er glad eg gjorde, for Carnivàle er utan tvil ein kvalitetsserie. Når eg skal definere kvalitet i denne samanhengen blir det at Carnivàle er gjennomført på ien ektefølt måte. Det er ingen glorifisering, heller ikkje det stikk motsette, likevel om det heller mot den sida fordi me er like etter the great depression.

Historia går gradvis framover og tar ikkje omsyn til at ho er delt opp i episodar, noko ein kabelkanal som HBO har fridom til å gjere. Slik sett kan serien ta seg betre tid på kvar enkelt hending og vise meir ansiktsuttrykk og skape meir stemning utan å overdrive.

Mystikken, det mørke ved serien, og dei spesielle eigenskapane var det som fatta interessa mi. Carnivàle vegrar seg mot å blotte alt, og det at så lite blir fortalt er det som fengslar. Her er agendaen eit mysterium som hindrar deg i å plassere folk i gode og vonde båsar.

Andre sesong av Carnivàle held fram dit Ben Hawkings og Brother Justin staka ut kursen i første sesong. Dei seks første episodane har store likskapar med første halvdel av førre sesong, og gav meg ikkje spesielt mykje meir enn greit tidsfordriv. Det vesle ekstra som gjer at eg må sjå neste episode manglar, og interessa mi vaks ikkje før rundt sjuande episode.

Når det derimot byrjar å bli verkeleg interessant og ikkje minst dystert, så står det ikkje på at eg blir oppslukt her heller. Heile serien er av god kvalitet, men storeparten manglar magi.

Det blei med desse to sesongane frå HBO si side. Dessverre blir ikkje alle spørsmåla svart ved sesongavsluttinga her. Når underteikna på mystisk vis klarer å forveksle dei to siste episode med kvarandre, blir det ekstra rotete. Bryderiet dette skapte ligg likevel ikkje til grunn når eg seier at Carnivàle aldri vil vere anna enn god tv.

Persongalleriet kjem eg ikkje unna når eg skal trekke fram kvalitetssida av serien. Skal eg trekke fram ein enkeltperson må det vere Clancy Brown, som Brother Justin er han skummelt overbevisande og ein av dei sterkaste figurane eg har sett i ein serie. Når eg ser Carnivàle ser eg først og fremst rollefigurar framfor skodespelarar.

Carnivàle 2003-2005 plakat - Filmdagbok

Publisert

19. mars 2007 av

Merkelapp

HBO

Skapar

Daniel Knauf

Skodespelarar

Michael J. Anderson, Adrienne Barbeau, Clancy Brown (I), Debra Christofferson, Tim DeKay, Clea DuVall, Cynthia Ettinger, Carla Gallo (I), Toby Huss, Amy MadiganVis alle 235 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Fantasi, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Carnivàle