Carrie

Carrie er langt i frå så skummel som eg hadde håpa på. Eg hadde uansett ingen store forventningar om at han skulle vere skummel, men trudde ikkje han skulle bli så alvorleg som det han var. Mobbinga av Carrie White går ganske langt her.

Det er den første Brian De Palma-filmen eg ser som ikkje omhandlar mafia eller kriminalitet. Om eg skal definere kriminalitet kjem vel denne filmen kanskje på lista likevel, men eg reknar med det er opplagt kva det er snakk om her.

Den tredje filmen filmen i dag er den andre high school-filmen i dag, men ikkje den siste. Planen er å få inn Dazed and Confused før kvelden er omme. Så blir det ei nedtrapping i filmsjåing framover. I overkant av to filmar i snitt per dag frå starten av november er for mykje.

Carrie 1976 plakat - Filmdagbok