Cars

Film · 2006 · · 22. november 2006
4/5

Eg er ingen stor fan av Pixar- og Disney-filmar, men tykkjer dei fleste er heilt greie. Difor har eg utsett å sjå Cars ganske så lenge no, men tok meg endeleg i dag meg tid til å sjå han.

Å for å komme til saka, dette var ein god film. Lang, men det ser eg ikkje på som anna enn eit pluss. Sjeldan har ein film som dette, som er retta ein del mot den yngre målgruppa, klart å fengja så bra her på hybelen.

Trass i bilane, her var det verkeleg sjel i bilde. Og så massivt med detaljar overalt, ingen tvil om at dette er planlagt ned til minste bildepunkt. Ei kort gjennomgåing av lista over tidlegare sette animasjonsfilmar i år, så kan eg vel fastslå at denne kjem best ut. Det er lenge sidan eg har kost meg så mykje med alle delene av ein animasjonsfilm, og ikkje berre historia eller animasjonen.

IMDb-logo
Cars 2006 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Owen Wilson (I)Paul Newman (I)Bonnie Hunt (I)Vis alle

Sjangrar

Land