Carts of Darkness (2008)

Film / 21. september 2019
4/5

Den sjette filmen som blei vist på Katakombefilm 2019 (K14) var ein dokumentarfilm om samling av tomflaske og køyring av handlevogner.

Murray Siple er ein kanadisk regissør og tidlegare snøbrettkøyrar som etter ei bilulykke har hamna i rullestol. I Carts of Darkness har han oppsøkt ein mann som han oppdaga at køyrte handlevogner ned bratte bakkar i Vancouver i Canada. Mannen som køyrer handlevogna er Al, ein heimlaus mann og flaskesamlar. Gjennom Al blir Murray Siple kjent med ein del av miljøet av folk som lev av å samle flaske i Vancouver. Dei fortel om kven dei er og kva dei gjer, og legg ikkje skjul på mykje. Resultatet er at denne dokumentarfilmen blir eit tett på møte med blant anna heimlause personar på godt og vondt.

Filmen varer ein liten time, og kan varmt anbefalast. Det er ein fin og interessant sak, trass i at skjebnane me møter ikkje nødvendigvis er dei beste.

Carts of Darkness 2008 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Katakombene

Regi

Murray Siple

Manus

Murray Siple

Skodespelar

Murray Siple

Sjanger

Dokumentar

Land

Canada

IMDb

IMDb-side om Carts of Darkness

Forfattar