Casa de mi Padre

Dette har høyrt ut som eit rar og interessant prosjekt. Ein litt annleis Will Ferrell-komedie samanlikna med det andre han har vore med i. Ein film på spansk som er lagt til Mexico. Ideen er derimot betre enn utføringa.

Det er ikkje ein spesielt spissfindig komedie, men meir ei gjentaking av seg sjølv gjennom heile gangen. Litt skuffande då resten er så kreativt utført.

Det skal helst også eit betre manus med ei betre historie til. Det er ikkje nok til å engasjere her, og karakterane er litt tynne.

Likevel er det fornøyeleg fordi det er så annleis. Det fungerer som ein midt på treet god komedie og har Will Ferrell som tilfører mykje av sin stil og karisma. Og han verkar dyktig som spansktalande for meg.

Eit interessant eksperiment som verken feilar fullstendig, eller imponerer for mykje heller.

Casa de mi Padre 2012 plakat - Filmdagbok