Casanova

Film / 2005
2/5

I utgangspunktet hadde eg aldri tenkt å sjå denne filmen, etter å ha blitt utsett for ein dårleg filmtrailer, og også høyrt meir negativt enn positivt om han. Men når Huo yuanjia endå ikkje var å finne i postkassen, så blei det denne i staden, i filmkveldsamling med venner.

Og i ettertid angrar eg i grunn ikkje. Filmen var langt i frå den beste eg har sett, men likevel ikkje direkte dårleg heller. Det vil sei ein middels film. Grunnane til at eg tykte dette er ikkje mange, men ganske enkle å oppsummere.

Oliver Platt som Paprizzio, og inntrykket av at han storkoste seg i denne rolla. Heath Ledger er ein skodespelar som eg ikkje klarer å ta seriøst, men den avslappa stilen hans passar perfekt på storsjarmøren Casanova. Og alt oppstyret og forvirringane rundt kven som er kven gjer dette til ein morosam nok film. Det var i grunn det som skulle til for å trekke denne opp på middels. Ingen total bortkasting av tida med andre ord.

Casanova 2005 plakat - Filmdagbok