Cash McCall

I Cash McCall møter me investoren med same namn. Ein rik og dyktig mann som folk omtalar som nådelaus og uetisk. Grunnen til det er misunning og mangel på kunnskap om McCall.

I løpet av filmen blir me kjent med personen McCall. Verdiane hans og måten han jobbar på.

Filmen tar til dels opp korleis folk med ulik bakgrunn oppfattar situasjonar. McCall er egoisten, i den positive tydinga av ordet. Mens dei smålege motstandarane hans går til personangrep mot han og dermed er usjølviske, i den negative tydinga av ordet.

På toppen har Cash McCall ei fin og oppløftande kjærleikshistorie. God og ukjent klassikar.

Cash McCall 1960 plakat - Filmdagbok