Casino Royale (2006)

Film / 27. november 2006
4/5

James Bond-franchisen har nådd 21 filmar med Casino Royale, om en da ser bort i frå førre Casino Royale og Never Say Never Again. Av desse har eg sett en her og en der, og aldri vore så med på det at eg har måtte sett alle. For meg står Bond som lett underhaldning med en kjent karakter, enkelt og greit på to måtar altså.

For å hoppe til saken, med denne filmen blei eg faktisk engasjert. Det var akkurat passe bra med action og thriller, og dramadelen kjøper eg med tanke på kva den legg opp til. Filmen byr ikkje på dei største overraskingane, og heller ingen stor skurk med blikket retta mot å ta over verda. Mads Mikkelsen si skurkerolle er velbalansert og mykje lettare å godta enn det dei førre storskurkane har vore. At filmen ikkje har nokon vendingar er å lyge, den har også eit par småting som er vanskeleg å plassere med det same, og som kanskje kunne ha vore gjort annleis. Men det er berre snakk om flisespikkeri, Daniel Craig gir meir djupne til Bond enn eg har sett nokon gjere tidlegare.

Casino Royale er blitt samanlikna med Batman Begins i konseptet om å starte på starten. Helt på starten er ikkje dette, for James Bond går ikkje frå å vere ingenting til å bli Bond, det er ei historie der som ikkje blir sett nærare på, og som strengt tatt ikkje vil vere nødvendig å fordjupe seg i heller. Ein del av det typiske ved Bond blir forklart, og det er nok det Bond treng i vår tid. Det er lettare å akseptere ein person som har en grunn til å vere slik han er, enn å berre vere slik. Det blir kjekkare å følge denne personen og.

Eg føler eg ikkje helt fekk taket på filmen i denne oppsummeringa, så for å unngå meir tullball. Casino Royale er ein god film, uansett Bond. Filmen er i passe lengde, velbalansert, har litt av alt. Eva Green er nydeleg. Daniel Craig er tøff. Tilogmed M er et menneske. Q er fråverande, utan problem, gadgets har aldri vore min ting med Bond-filmane. Produktplasseringa er velplassert, litt tona ned i forhold til før, med visse unntak. Det må vel bli godtatt.

Casino Royale 2006 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

James Bond

Regi

Martin Campbell

Manus

Neal Purvis, Robert Wade, Paul Haggis, Ian Fleming

Skodespelarar

Daniel Craig, Eva Green, Mads Mikkelsen, Judi Dench, Jeffrey Wright (I), Giancarlo Giannini, Caterina Murino, Simon Abkarian, Isaach De Bankolé, Jesper Christensen

Sjangrar

Action, Eventyr, Thriller

Land

Storbritannia, Tsjekkia, USA, Tyskland, Bahamas

IMDb

IMDb-side om Casino Royale

Forfattar